Samarbeidsbåten mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal kan vere historie.

Tysdag vedtok hovudutval for kultur å kutte løyvinga på 600 000 kroner frå Sogn og Fjordane.
– Det er heilt klart ein trist dag. Grunnen til at vi har kunne gå så pass billig er at vi har kunne fordele det på dei tre fylka. Eg er veldig redd at heile Vestlandet og mørekysten også ryk no, seier Svein Ivar Vinnes, som driv bokbåten Epos.
Slutt etter 50 år

Boktenesta starta i 1959 og vart dei første åra driven frå ulike båtar. I 1963 vart verdas første spesialbygde bokbåt, Epos, sett i drift. Båten blir leigd inn som bokbåt i haust og vintersesongane.

To gonger i året vitjar båten både øyar ytst i havgapet og bygder innst i fjordane. Etter nær 50 år på sjøen, kan det vere slutt.

– Denne bokbåten tilhøyre distrikta, så eg tykkjer det er veldig viktig. Eg ser det kvar dag vi er ute at den er godt motteken, seier Vinnes.
– Urovekkjande

For hovudutvalet for kultur i fjordfylket, må spare pengar. KrF-politikar Norunn Lunde Furnes kjempa for å behalde bokbåten. Ho er skuffa over sine partikollegaer.

– Eg tykkjer det er urovekkande. Er det nokon som framleis meiner vi skal ha bokbåt i Sogn og Fjordane, så må dei stå opp, seier ho.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal ta den endelege avgjerda i desember.

Frå hausten 1959 vart bokbåten eit tilbod til folk i Hordaland. Dei første åra var det ei skute med namnet Abdulla som sørga for bøker og kultur. I 1963 tok den 80 fot lange bokbåten Epos over.

I dag er Epos eigd av Vinnes Skyssbåtservice AS. Båten blir leigd inn som bokbåt i haust og vintersesongen, og fungerer elles som turistbåt.

Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Båten går til grender på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester.