Lesarane til Dag og Tid har røysta fram Fengsla til Årets nynorskbok.
Boka til Hilde K. Kvalvaags var den einaste ungdomsromanen som var nominert blant årets bøker i Dag og Tid, men mellom dei andre nominerte var både Carl Frode Tiller, Lars Amund Vaage, Jon Hellesnes og Ottar Grepstad.
? Jøss, det er utruleg! Eg hadde ikkje venta at ein ungdomsroman ville hevda seg i konkurranse med skjønnlitteratur for vaksne og sakprosa, seier vinnaren til Dag og Tid.
I fjor haust fekk Hilde K. Kvalvaag Brageprisen for Fengsla, og tidlegare har ho fått ei rad andre prisar for bøkene sine. Den nye romanen kom også på langlista til U-prisen, og ungdomane gav boka heiderleg omtale.
Etter at ho debuterte i 2003, har ho skrive tre bøker for born og ungdom og éi vaksenbok. Fengsla har no kome i nytt opplag.