Når ein skal lese alle bøker som kjem ut i løpet av eit år, blir ein sjølvsagt litt ordlei. Eg skulle vel ikkje klage over at bøker er fulle av ord, ord, ord, side opp og side ned. Men mange av 2010-bøkene inneheld heilt klart for mange ord. Ein kunne greidd seg like godt, for ikkje å seie enda betre, med færre. Det er fint at det blir halde skrivekurs rundt om, men det spørs om det ikkje også skulle vore halde reine strykekurs. Vi kan alle lære om stryking av å lese tynne romanar, trur eg, som til eksempel søkeord:ayotzintli. Det einaste Marit Kaldhol skriv på side 22 er:
12.03. kl 06.40
Siri var her i natt, i heile natt
Mindre skriveføre forfattarar kunne fort spandert tre-fire sider på denne natta.
Særleg i fantasy-sjangeren veks sidetala raskt. Storparten av fantasybøkene som kom ut i fjor, ser ut til å inngå i ein dugnad for å halde liv i alle klisjéane våre. Handlinga utspeler seg gjerne i eit landskap av sletter og stepper og fjell. Skjeggete menn kommanderer i bitande vind. Mørkret er tungt og klamt, så sant det ikkje er flakkande måneskinn. Dei onde hærfolka har blinkande sverd. Det er om å gjere å få tak i amulettar og ringar. Nokre har ravnsvart hår, forresten. Det gnistrar i gule auge. Sulten gnager. Stillheten er total. Og heile verda si framtid ligg i hendene til ein fjortenåring. Og så vidare. Kanskje når desse bøkene ut til gutar med lesevegring. Ein kan prøve å lure ungar til å lese, omlag på same måte som ein produserer laksepølser for å få dei til å ete fisk. Men i musikkverda kan ein altså risikere å bli skulda for plagiat. Dette gjeld visst ikkje for forfattarar og bøker. Er det ikkje eit paradoks at fantasyforfattarane våre er dei som har minst fantasi?
Eit par gode unntak: Sigbjørn Mostue held eit høgare nivå i Den siste magiker. Og Heine T. Bakkeid skriv seg betre og betre utover i Vampyrjegeren. Særleg skildringane frå London på 1700-talet gjer godt å lese.
Smått og godt
Elles er det godt å sjå at ein kan få mykje drama ut av smålåtne verkemiddel. Eg vil trekke fram to bøker som tar for seg dårleg samvit. I den eine fortel Heikki Gröhn om Mika som har fått pengar for å kjøpe sei til ei nabodame. I staden kjøper han is til seg sjølv. Og boka Det æ'kke lov å grine hvis det ikke er blod av Rita Løvseth Sandnes handlar om Lisa som skrur ventilane ut av sykkelen til Oskar. Oskar hamnar på sjukehus og dei to sykkelventilane brenn slik i lomma til Lisa at ho grev dei ned i blomsterpotta. Det er ei upåklageleg historie om erting, hemn, anger og forsoning. Det er nok, det. To vonde isar i ein gutemage og to sykkelventilar i ei blomsterpotte vekker sterkare kjensler i lesaren enn eit skjeggete hærfolk med blinkande sverd i bitande vind.
Dyr og fotball
Årets mest populære barne- og ungdomsdyr er hest, foran hund og katt. Av idrett blir det nesten berre skrive om fotball. Ingen skriv om handball eller innebandy eller bowling. Eit pussig poeng: Dei som rir på hest er jamnt over flinke. Dei som speler fotball er ganske klønete.
Dei beste
Dei beste 2010-bøkene er utan tvil bildebøkene. Kjenneteiknet for desse er særs godt barneperspektiv, både i tekst og illustrasjonar. Det er berre å ramse opp godsakene:
Lisa Aisato – Odd er et egg
Ei overbeskyttande mor får Odd til å tru at hovudet hans kan sprekke. Han må ta på seg te-varmar før han går ut.
Svein Nyhus – Sånt som er
Om sånt som er stort og hemmeleg og som nesten ikkje finst og om sånt som lager lyder. Ein skulle ha rydda suvenir-bodene her i landet for troll og i staden bydd utlendingane Svein Nyhus-bøker.
Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig – Prikkesyken
Grisungen har fått urk og vil helst kurerast med kake. I krig og kjærleik er alt lov, heiter det. Men alt er lov også når det gjeld å få tak i kake.
Kari Tinnen og Siri Dokken – Ulla hit og dit
Berre namnet – Ulla Nilsen Olsen – fortel jo ein del om foreldra. Dei skal skillast, ja.
Gaute Heivoll og Line Halsnes – Båten mellom stjernene
Eg har ikkje lest vaksenboka til Heivoll frå i fjor. Men denne held i alle fall godt mål. Men til Heivoll og alle andre for all framtid: Det går ikkje an å skrive at bestefar er ei stjerne eller komet på himmelen. Det er ganske mange som gjer det. Det må dei straks slutte med! Bestefedre er bestefedre. Og stjerner er stjerner. Og slik vil det alltid vere. Og når eg først er i siget: Korfor er alle lærarar i b/u-bøker onde, trongsynte og kunnskapslause?
Til slutt nokre gode sitat frå bokåret 2010:
Eg kan vere ei som stryk hud som lengtar.
(frå søkeord:ayotzintli av Marit Kaldhol)
– Vet du om man må bestille time?
– Neida, sa Grisungen. – Det er bare å sette seg på stubben, så kommer legen.
(Grisungen og Dagros diskuterer Doktor Girlander i Prikkesyken av Bjørn F. Rørvik)
Hun har tatt på seg genseren bak-fram med vilje, for å irritere mamma. (Hei, det er meg av Nina E. Grøntvedt)
…de var egentlig gode på bunn. De hadde en bunn, det var ikke bare svarte hull, det stoppa et sted, også det de sa til hverandre av dritt.
19. oktober Medlemsmøte NBU 16.-20. oktober Bokmessen i Frankfurt. 1.- 9. november Falturiltu
Lederbrev
Bokhøst og bekymringer 18. september 2024
Aller først: NBU gratulerer Tor Åge Bringsværd som er utnevnt til kommandør av Den Kongelige, Norske St. Olavs Orden for sitt forfatterskap. Bringsværd er den fjerde barne- og ungdomsbokforfatteren som har mottatt utmerkelsen (etter Egner, Vestly og Gaarder). Det var styret i NBU som tok initiativet til å anbefale Bringsværd til utmerkelsen, og det var med stor glede vi mottok nyheten før sommeren. Onsdag 28. august ble Bringsværd behørig feiret i hjemlige trakter på Vestby Kulturkvartal.
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) er en selvstendig forening grunnlagt i 1947. Foreningens formål er å ivareta norske barne- og ungdomsbokforfatteres faglige og økonomiske interesser, samt å verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. Les mer
PERSONVERNERKLÆRING for Norske Barne- og ungdomsbokforfattere