NBU har vedtatt å tildele Trollkrittet for 2010 til Cecilie Treimo for boka ”Løpe baklengs”.
Fra juryens begrunnelse for tildelingen:
”Løpe baklengs” tek opp eit alvorlig tema på ein god måte, utan å koma med ferdige løysingar, overdrive svartmåling eller idyllisering. Språket er godt og til tider poetisk. Særlig nyansert er skildringa av forholdet mellom mor og son. Forfattaren er flink til å gå inn i eit barnesinn og skildra dei motstridane kjenslene over å ha ei alkoholisert mor, som ein både kjenner kjærleik for og hat mot.
Cecilie Treimo har med romanen ”Løpe baklengs” gjort ein solid debut, og ho blir historisk i NBU-samanheng, når ho no er den første som blir tildelt Trollkrittet.