BarneogUngdomsbokNOREG

Helga Gunerius Eriksen

Helga Gunerius Eriksen er forfattar og sitt i styret i NBU. I haust skal ho ’omarbeide eit manus til ein roman for vaksne – det har kome skeivt ut slik det vart skrive først. Kanskje finst det ei fin forteljing for barn inni der ein stad, ei som kan trykkast i Norsk Barneblad i 125-års jubileumsåret 2012.’

HH: Kva er det fyrste du hugsar i livet?

HGE: Eg meiner å hugse eg sat på fanget til oldefar den dagen han fylte 100 år, men eg var berre eitt, så det kan jo vere andres fortellling som har blitt eit eige minne. Han hadde svart dress og kvitt skjegg. Ei anna tilsvarande fortelling frå før eg fylte eitt, var då eg sat på mors arm og såg morfar i hagen utanfor det store stoveglaset deira. Han kom bort og banka på ruta til oss, og eg ropte Pass! for å åtvare han mot den store, stikkande kaktusen som stod rett innanfor. Eg hadde fått med meg at den var farleg, og at ord hadde meining, men ikkje at vindauget verna han mot piggane. Mor skreiv ned over 100 ord eg øvde meg på i senga om morgonen.

 

HH: Kva har du på kontoret ditt?

HGE: Eit digert skrivebord med mac og skrivar, papirbunkar og hugselappar, ekstra harddisk, skuffer med kontorrekvisita på hjul under, eit anna kontormøbel med permar og arkiv, også på hjul, med nokre familiebilde oppå. Ein sovesofa og eit bord med ein bunke bøker eg held på å lese eller snart skal begynne på, ein høg kaktus og eit skjelett av ein villsauskalle med horn, eit maleri av eit svart fjell og andre kunstverk av kunstnarar eg kjenner, eit vindu mot naboane med gardin som slepper lys igjennom og eit indre vindu der eg kan sjå sjøen gjennom stova. Bokhyllene mine står andre stader.

 

HH: Kva er ei god bok?

HGE: Ei god bok kan vere den boka lesaren treng akkurat når ho les den, ei bok forfattaren har teke på alvor medan ho har skrive den, det kan vere ei bok som endrar litteraturhistoria, ei bok som betyr noko for språket, ei bok som når mange lesarar og betyr noko for dei, ei bok som snakkar til hjarta og får lesaren til å le eller grine, ei bok som snakkar til hovudet og får lesaren til å tenke, ei bok som får oss til å møte oss sjølve og kanskje bli litt klokare. Ei god bok kan vere så mangt, ofte er den ei bok nokon drøymer om å skrive, men aldri skriv.





HH: Blir barne- og ungdomslitteraturen stemoderleg behandla i pressa?

 

HGE: I den grad stemødre vert usynleggjorte, kan ein vel seie det slik. Vi barnebokforfattarar ønskjer dei var meir elska, hata og forakta, meir analyserte og mindre gløymde – bøkene altså.





HH: Gi oss eit ord du likar godt?

HGE: Karamell – sug på det! Og kjærleik – den kjære leiken, som ikkje alltid berre er leik.





HH: Og eit du mislikar?


HGE: Kjem ikkje på noko ord eg mislikar i seg sjølv, men ord som vert feil brukt, misbrukt og overforbrukt, eller delt når dei skal stå i eitt ord, det mislikar eg strekt.





HH: Papirbok, lydbok eller ebok?

 

HGE: Har aldri lese ei e-bok, men kjem sikkert til å gjere det i framtida. Likar ikkje når skodespelarar les høgt og tolkar teksten for meg, så eg held meg til papirbøker. Synest likevel det er strålande at bøker kan komme ut i fleire medier, kanskje då også nå fleire? Folk som les bøker er kjekkare å snakke med enn dei som ikkje gjer det.

HH: Kva gjer deg flau?

HGE: Det er for flautt å fortelje. Kvifor skal folk vite kva forfattaren vert flau for, når dei får vite kva romanpersonane skammar seg over? Det vert jo ståande der på det offentlege nettet til evig tid – ein treng ikkje spreie ut innvollane sine til alle.

 

HH: Kva tre ting ville du tatt med deg på ein øde øy?

HGE: Fiskereiskap, skrivereiskap og ei tjukk, uskriven bok. Kor lenge får eg bli der?