Som oppegåande menneske har fått med seg er det to forfattarar i dette landet som har Røssland til etternamn. Meg sjølv og Ingelin Røssland. Mange har lurt på om vi er i slekt.

Nyleg inviterte ho meg til å delta på boklanseringa si av hennar nye ungdomsbok «Minus meg» som blir utgitt av Cappelen Damm. Det var kjekt, eg fekk reklamere litt for mi nye bok, og fekk ein betre middag som avslutning på kvelden. 

Men det eg ikkje fekk sagt var korleis eg og Ingelin kjenner kvarandre, for vi har faktisk gjort ein del ting saman gjennom åra. Ting som eg kom på etter eg hadde vore på lanseringa, og som eg sjølvsagt burde ha nevnt:

* Ho var den første som intervjua meg då eg debuterte som forfattar i 1999. Ho debuterte året før, men arbeidde framleis som journalist. 

* Vi har stått på same scene både på Stord og i Bergen i Rune Belsvik si store «Sentimentale festframsyning.» 

* Ingelin har brukt to av mine tre ungar til innslag i tv-programmet «Newton» då ho arbeidde i NRK. Noko som blant anna førte oss til den nydelege heimstaden hennar på Tysnes. 

* Vi har ofte treft kvarandre på møter og andre arrangement og lata som om vi har vore i slekt.

– Vi har vore sysken og syskenbarn.

– Eg har vore far hennar og passa på slik at innpåslitne forfattarar ikkje prøvde seg.

– Vi har vore nyskilt, og i bitter namnestrid om etternamnet.

– Eg har vore Ingelin og ho har vore meg.

Dei siste åra har vi slått oss til ro med at ho er mor mi, inntil vi finn på noko anna. 

Som de har forstått så er vi ikkje i slekt. Ho kjem frå Tysnes og eg frå Husnes. To heilt ulike Røsslandklaner. Men då eg var liten og kikka ut vindauget på Røsslandgarden, såg eg faktisk rett ut mot Tysnes.

Vi er kanskje ikkje i slekt, men likevel ser eg på henne som ein slags slektning, vi kjem begge frå Sunnhordland, vi skriv begge barne- og ungdomsbøker og vi likar begge tv-serien «Red Dwarf.»

Eg håper den nye boka hennar vinn Arks barnebokpris som den er nominert til.