Det er kjekt å vere forfattar på turné. Det veldig givande å møte elevar som gleder seg til eg skal kome. Elevar som har lese ei eller fleire av bøkene mine og som sit som små lys mens eg les for dei. Men skal ein kunne glede seg over noko her i livet, må ein samstundes ha noko å irritere seg over. Her er ei liste over begge deler.
Ting eg ikkje likar på turné:
– At skulen ikkje veit om at eg skal kome.
– At kontaktpersonen er på ferie, har slutta eller i verste fall er død.
– Å bli plassert i eit rom der det renn ut og inn med folk heile tida.
– At ein lærar kjem snikande inn for å gi ein beskjed til ein annan lærar. Det hadde vore like forstyrrande om dei hadde kome trampande inn i ein klirrande rustning og sunge «Fairytale.» Det siste hadde faktisk vore å føretrekke.
– At elevane sit i ein haug midt på golvet.
– Å lese mens elevane har lunsj.
– At lærarane begynner å omstrukturere klasserommet etter at eg er komen inn.
– At lærarane tar namneopprop.
– At lærarane set seg ned med papirarbeid mens eg les. Då kan dei like gjerne gå ut.
Ting eg likar på turné:
– At hotellrommet er romslig og fint.
– At hotellfrukosten er god, gjerne med gratis espresso heile døgeret.
– At hotellet har gratis internett.
– At kontaktpersonen på skulen tar kontakt og ynskjer meg velkomen.
– At elevane er på plass og rommet er klart til rett tid.
– At elevane er såpass disiplinerte at det går an å føre ein samtale med dei, ikkje berre ei rein opplesing.
– Å få lunsj på skulen, og aller helst vite om det på førehand.
– At lærarane ser interesserte ut.
– At elevane lytter.
– At elevane får lyst til å lese meir bøker etterpå.
– At elevane får lyst til å lese mine bøker etterpå.
– At elevar som absolutt ikkje virkar interessert kjem bort til meg etterpå og seier ting som: «Du er ein awesome forfattar!»
– At eg finn små, rare ting eg kan ta bilete av: