Maria Parr gjer stor suksess i utlandet. Debutboka Vaffelhjarte er no selt for utgiving på engelsk. Noko som er svært sjeldan for norske barnebøker.

Totalt er Vaffelhjarte selt til 16 land, inkludert Kina, Japan og Russland. I Storbritannia er det det tradisjonsrike forlaget Walker Books som skal gi ut boka, i USA forlaget Candlewick.

NRK-serien basert på boka, Vaffelhjarte, har gått på Barne-TV i haust, og vert også sendt som familieunderhaldning på NRK1 i jula.

Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget, er stolt over Parrs suksess i utlandet: -Det er imponerande at Maria Parr etter berre to bøker er blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet. Det visar hennar store og allmenngyldige appell. Vi er takknemlige for å gi ut forfattaren som bokmeldarar verda rundt samanliknar med Astrid Lindgren.