Det er ikkje ofte eg tar meg bryet å kommentere bokmeldingar, men her har Knut Anders Løken på barnebokkritikk.no rett og slett ikkje lese bøkene godt nok. Ei bragd i seg sjølv med så lettleste bøker. At han faktisk ikkje skjønar moralen i GAMER, og tolkar den motsett av det som er meininga viser kor langt på viddene han er.

Han misforstår også målgruppa, lesarane av desse lettleste ungdomsbøkene er ikkje dumme, dei forstår kompliserte handlingsmønster, men dei har berre litt vanskeleg for å lese, derfor det lette språket, dei korte setningane. 

At han ikkje liker boka mi er heilt greit. Den er ikkje skrive for han, men når han åpenbart ikkje har lese den skikkeleg, ikkje fått med seg synlege hint i teksten, så blir det pinleg for Løken. 

Han tar med seg sin eigne fordommar mot dataspel og les boka ut frå det, då har han i utgangspunktet tapt. Då kjem han ikkje til å skjøne kjensla av å spele til langt på natt, og at dette ikkje nødvendigvis er ei dårleg kjensle. At ein speler så mykje at ein gløymer alt anna er slett ikkje unormalt, men ein viktig del av opplevinga. Ein gløymer tid og stad og lev seg heilt inn i eit anna univers. Målgruppa til boka skjønar dette. For dei er dette heilt sjølvsagt.

At slutten kjem overraskande er slik som i alle fall eg likar når eg les krim. Det gjer tydelevis ikkje Løken, for å få fram poenget sitt der han mistolkar moralen så røper han rett og slett slutten på boka. Det irriterer meg aller mest!

Mistenker dette for å være litt lettvint hastverkarbeid av Løken. Les den her