Landet under isen

Lars Mæhle er ein allsidig forfattar som skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk og bokmål, humoristisk og trist, både fotball og fantasy. Dette intervjuet er gjort under Litteraturfestivalen på Lillehammer i fjor vår, men det handlar om noko som framleis er veldig populært, nemlig fantasy. I 2009 kom boka Landet under isen ut, ei bok som Lars Mæhle vann Uprisen for.

Lang prosess
Landet under isen var altså ei bok som det tok lang tid å skriva, nesten ti år frå ide til ferdig bok og sjølve skriveprosessen tok fleire år. Boka er frittståande, men det kan altså henda at det kjem ein oppfølgjar. Det er berre å håpa at Lars Mæhle finn energi og kraft til å starta prosjektet.

 

Andre bøker
Lars Mæhle er nok elles kanskje mest kjent for fotballserien sin om FK Knoterud, og for dei humoristiske bøkene om Harry og Ivar. Men visste du at han debuterte i 2002 med boka «Keeperen til Tunisia» som seinare blei filen «Keeper’n til Liverpool?»

Fantasyfeber

Det har blitt skrive og gitt ut mykje fantasy av varierande kvalitet i Noreg dei seinaste åra, både av norske forfattarar og bøker som er omsett frå andre språk. Mykje av det har vore seriar. Ein av dei mest kjente norske seriane er kanskje Phenomena av Ruben Eliassen, ein annan kjent serie er Alvetegnet av Sigbjørn Mostue og i dei seinare åra har også Iselin B. Alvestad, Mari Moen Holsve og Asbjørn Rydland markert seg innan sjangeren.

ER DET SÅNN AT FANTASYBØKER ER BETRE ENN (vanlige) REALISTISKE BØKER?

Ein ting er i alle fall sikkert, det er populært. Både Ruben Eliasen, Sigbjørn Mostue og Mari Moen Holsve har vunne Arks barnebokpris for sine fantasybøker, og dette er ein pris der barn sjølv får stemma fram sin favoritt.

Det som også er sikkert, er at det blir fleire fantasyforfattarar som kjem på besøk i Bak bøkene utover våren. Er det ein spesiell gjest du ønskjer skal koma hit?