I den andre boka i serien tek Koll den lange vegen til Vilkafjord for å motta dusøren for Reveskinnet. Her møter han 13 år gamle Eilyn som prøver å finne ut kven som stod bak drapet på bestefar hennar, ein viktig mann i Vilkafjords råd. Koll blir vikla inn i ein maktkamp på liv og død, og opplever på nytt korleis drakeelden han har i seg, fører ulykke med seg. Med ein rasande mobb og ein kaldblodig leigemordar i hælane har han snart ingen annan utveg enn å la flammane blusse opp igjen.

Men lèt elden i hjartet seg styre?