Har bestemt meg for å skrive litt om korleis det går med dei to neste bøkene om Svarte-Mathilda. To bøker som forhåpentlegvis blir fulle av skrekk, gru og spenning. 

Eg er heilt i startfasen på runde to. Tekstane til begge bøkene er ferdige og inne hos forlaget. Redaktøren har sagt sitt og vi er stort sett heilt einige om kva som må endrast, forsterkast og kuttast. Forlagskonsulenten har òg sagt sitt, og nokre ting er vi uenige om, men ikkje slik at vi blir uvener, eller noko slikt. Det skulle tatt seg ut. Konsulenten påpeika òg ein del ting som er ikkje merka sjølv då eg skreiv, eg blir nesten flau over å ha skrive noko så tåpeleg, her er det berre å stryke og legge til nye, spreke ord.

Har hatt nokre månader fri frå tekstane om Svarte-Mathilda no. Då ser eg heilt nye ting. Nye moglegheitar og nye element som burde ha vore der frå starten, men som elegant snik seg inn mellom dei andre orda og gjer det heile betre. Eg ser fram til den fasen som kjem no. Lesing, redigering, kommunisere med redaktøren og sjå teksten endre seg frå bra til forhåpentlegvis knallbra.

Gler meg til å sjå dei ferdige bøkene. Sjå kva nifst omslag designaren kjem fram til. Gler meg til å reise rundt til neste år og lese frå dei. Pirre leselysta til elevane, og skremme lærarane slik at dei blir redde for foreldrereaksjonar.

Soga om Svarte-Mathilda 2 og 3 byrjar no.