Kva er forlaga på utkikk etter? (Og skal du bry deg om det?)

Sjølv om du djupast sett kan skriva i kva sjanger som helst og om kva tema som helst og oppleva den største suksess eller nederlag, så er det i alle fall eit godt tips å legga ekstra arbeid på ein god start på manuset. Norske forlag får inn hundrevis av manus i året og røynda kan vera så nådelaus at om du ikkje fengar dei første 10-12 sidene, så ryk sjansen for å få ut boka.

Sverre Henmo er forfattar av ei rekkje kritikarroste bøker som er omsett til fleire språk og han har også vore leiar i NBU sitt litterære råd. Han er med andre ord både driven i faget sjølv og ein kritisk lesar. Så viss det er noko eige ved det du skriv, så er sjansane gode for at han vil oppdaga det. Aschehoug har mange dyktige og etablerte forfattarar i sin stall. Jo Nesbø, Unni Lindell, Bjørn Sortland, Hilde Hagerup, Marit Nicolaysen, Endre Lund Eriksen og Harald Rosenløw Eeg for å nemna nokon.

Anne Gaathaug som er forlagssjef for Kagge Forlag er kjent for å ha ein god teft, og ho er skikkelig bra på å selja bøker. Ein av dei kanskje mest utippa suksessane frå Kagge Forlag den seinaste tida er boka Hel ved av Lars Mytting som handlar om alt om hogging, stabling og tørking av ved. Dette skulle vel vera bevis godt nok for, at du kan skriva og lukkast med kva som helst så lenge du gjer det bra?

 

Så kva vil folket ha, forlaget ha, media ha? Svaret er kanskje rett og slett så enkelt og vanskelig som dette: Dei vil ha den boka du skriv når du er på ditt beste.

Og då er det vel berre til å bretta opp erma? Kvessa blyanten? Eller for å sitera Bjørn Sortland: ”Du må skriva med hjarta utanpå genseren”.

Og med dette tek Bak bøkene ein liten pause til starten av mars, sidan eg er oppteken med å sitja og skriva på ei bok. Noko eg gjer med hjarta festa med sikkerhetsnål utanpå strikkegenseren….