I just love doing research

(Og etter denne videoen så kanskje du også får nokre grunnar til å elska det?)

29. februar var eg så heldig å få vera tilstades på Cappelen DammBrian Selznick, forfattaren bak bøker som Oppfinnelsen av Hugo Cabret og Himmelfallen, gjesta Oslo for å snakka om sine bøker og om korleis han jobbar. Det som er slåande med Brians bøker, er at dei i tillegg til å vera ei god og spanande historie også byr på så mykje kunnskap og detaljar. Etter å ha lese ei bok av Brian Selznick så har du garantert fått vita noko du ikkje visste før. Å få innblikk i korleis han jobbar var derfor svært fascinerande, særlig for ein forfattar som meg som nesten ikkje gjer research.

Som 99% av alle andre forfattarar som skriv for barn og ungdom, så er også Brian Selznick kjenneteikna ved å vera utrulig hyggelig og spanande å prata med. Vi kom inn på fleire tema enn dei som er med i den vesle videosnutten over.

Om å vera nysgjerrig

Noko av grunnen til at Brian gjer så mykje research er at han er nysgjerrig. Han trur at det er felles for alle forfattarar når alt kjem til alt, om ein no er nyfiken på noko som veks ut av eigne erfaringar eller at ein er fasinert av eit tema. Det er kanskje også sånn at det er denne nysgjerrigheita som vekker begeistring også hos lesaren. Reint ytre sett dreiar mykje av handlinga i Oppfinnelsen av Hugo Cabret seg om stumfilm, kven skulle tru at det skulle bli ein hit? I Himmelfallen føregår mykje av handlinga på naturhistorisk museum i New York og begge hovudpersonane er døve og på den måten handlar det også om døvespråk, noko som ein heller ikkje tenkjer er oppskrifta på ein bestseljar. Brian fortel at han i byrjinga av begge desse bokprosjekta tenkte at dette nok ikkje kom til å slå an. Samtidig så visste han det, at viss han klarte å formidla kor viktig stumfilm var for Hugo Cabret, så ville det bli viktig for lesaren også. Det handlar om å la ting stå på spel. Brian seier at forteljinga om Hugo Cabret også er ei bok om bøker og kor viktig bøker er.

KVA TENKER DU OM RESEARCH I BØKER? KAN DET I VISSE TILFELLE BLI FOR MYKJE? FÅR FORFATTARAR SOM BRIAN SELZNICK NERDEALARMEN TIL Å GÅ, ELLER ER DET BERRE HERLIG AT FORFATTARAR GÅR SÅ TIL DEI GRADER INN I STOFFET SITT?

Viss du vil høyra og sjå Brian Selznick fortelja meir om sine bøker, så vil eg anbefala desse videosnuttane på nettstaden til Readingrockets. Readingrockets har som mål å læra barn å lesa og å hjelpa dei barna som slit med å knekka lesekoden. Ein ting som er veldig bra med Oppfinnelsen av Hugo Cabret og Himmelfallen er nemlig at sjølv om det er veldig tjukke bøker, så er dei samtidig veldig lett å lesa. Bøkene gir med andre ord også lesesvake mestringskjensle! Klikk på bilete for meir Brian!

 

 

Maybe I should play more?

I ein av videosnuttane hos Readingrockets fortel Brian om korleis han som barn laga si eiga verd med små troll og figurar som han laga av leire. Eg spurte om det å skriva bøker var å halda fram med denne leiken.  Han svarte at sjølv om han elskar å skriva bøker og er veldig takknemlig for at han kan leva av det, så var nok leiken blitt litt borte på vegen.

            – Det kjennest veldig mykje som eit arbeid, seier Brian og blir stille ei stund før han held fram. – Men kanskje eg skulle tenke litt på det, å leika meir.

            – Men er det ikkje gøy å gjera all den researchen då? Å finna ut av så mange greier?

            – Jo, men det kjennest som jobb.

            – Som ein skuletur, ekskursjon?

            – Ja, heilt klart som det.

Som å gå inn i ei ny verd

Det er vanskelig å forklara det spesielle med Brian sine bøker med ord. Det er ikkje biletbøker, det er ikkje grafiske romanar, det er noko anna. Det er noko for seg sjølv. Starten på Hugo Cabret er som ein stumfilm. Og gjennom heile boka så vekslar historia gjennom å bli fortald med ord og med biletsekvensar.

Legg derfor heilt til slutt med ein boktrailer der Selznick fortel om boka Himmelfallen eller Wonderstruck som den heiter på engelsk, sånn at du kan få eit betre inntrykk av arbeidet hans.

Eg har meir stoff og ein video til frå praten med Brian Selznick. Den legg eg ut 16. mars sidan det er den dagen filmen Hugo Cabret har premiere i Noreg. Filmen har vunne 5 Oscar og er regissert av Martin Scorsese I det videointervjuet pratar vi berre om Hugo Cabret og om korleis boka blei til film. Og kva synest Brian om filmen?

PS: Her har Bokdama@work også blogga om Brian Selznick:

En deilig og ganske magisk formiddag med HUGO