Handlinga i ?Dagene før mai? er lagt til ei lita bygd i Nord-Norge, dei ei ung jente slit med å bearbeide sorga etter at faren er sakna etter ei båtulykke. Dei fann båten, men ikkje faren. Mora er fjern av sorg, og kjærasten Aksel har svikta henne. Han synest ho har vorte så forandra etter ulykka, og blir i staden saman med ei anna jente.

«Jeg vil ikke at pappa skal være en stor del av meg lenger. Jeg liker ikke at en stor del av meg ligger på bunnen av havet med vann i lungene». Slik tenkjer den namnlause forteljaren, da mora seier at dei ikkje må gløyme faren som har forsvunne på havet.

Sanne Mathiassen debuterer med denne ungdomsboka, der det absurde blir blanda med det realistiske og skaper ein spesiell atmosfære. Boka er stramt oppbygd, innhaldet er delt opp i korte stykke, med mykje bruk av litterære bilde.