Alderdomen rockar

Frode Grytten debuterte i 1983 med diktsamlinga Start, men det var først i 1999 med boka Bikubesong at han fekk sitt gjennombrot. Det viktigaste er å vera tålmodig og ikkje gi opp, meiner Frode. Og er det ikkje litt herlig å tenka på, at som forfattar er du kanskje på topp når du er syttitre år? At ein ikkje er perfekt og fullendt ved debuten.  Det går faktisk kaldt nedover ryggen min berre ved tanken på at romanen eg debuterte med som 22-åring, skulle vera det beste eg nokosinne ville vera i stand til å levera.

 

Nettopp det at Frode Grytten heldt så standhaftig på i år etter år før gjennombrotet kom, gjer han til eit førebilete for meg. Det same er Anne B. Ragde, som også jobba knallhardt i mange år, før det endelig var hennar tur å ligga på salstoppen.

Det blir så ofte fokusert på ungdom, at ein skal vera ung og frisk og lovande. At eigentlig har alle tog gått når du nærmar deg 30 år, og etter 50 er du utgått på dato og vel så det. I forfattarbransjen har det tradisjonelt vore annleis.

Kva tenker du?
Er debutantbøker eller bøker frå etablerte forfattarar mest spanande å lesa?
Er det berre ei myte og eit sjølvbedrag at ein kan forventa seg å bli betre med åra?

Personlig har eg stor sans for fleire eldre forfattarar. Min favorittgamlis er Cormac McCarthy. Kven er din gamlisfavoritt?

Å skriva heilt inn i døden

Eg er også storlig imponert av forfattaren Johannes Heggland,  som tilfeldigvis kjem frå same øy som meg (og som er ein halvfjern slektning). Han skreiv bøker heilt inn i det siste. Den siste boka hans Vårherres urtegard var sjette boka i serien Tusen vårar, der han hadde planlagt i alt ti bøker. Han døydde altså litt over midtvegs i sitt siste ambisiøse prosjekt, 89 år gamal.

Og så må ein jo aldri gløyma Mia Berner, som fekk si første diktbok antatt dagen før ho døydde. Boka heiter Et leskur for vinden. For ein verdig og vakker sorti. Denne diktsamlinga ligg alltid på nattbordet mitt.

Klikk på diktet for å lesa fleire utdrag frå boka hos Kolon Forlag.

 

Då eg var ung, var målet mitt å debutera som 22-åring sånn som Johannes Heggland. Eg nådde det målet. No er målet mitt å halda meg like skrivefør og ambisøs heilt inn i det siste. Og som Frode Grytten vil eg gjerne rocka ved 73-årsalderen!

PS: Frode Grytten på twitter: @FrodeGrytten