Av Magnhild Bruheim


 
NBUs debutantpris for 2011 er tildelt forfattaren Jan Henrik Nielsen for boka ”Høsten”. Prisen vart delt ut under årsmøtet på Leangkollen hotell i Asker 10. mars.
        I boka følgjer vi to jenter gjennom eit utdøydd landskap, etter at ein epidemi har herja og utrydda folk. Forfattaren skildrar dette utan å ty til groteske detaljar. ”Det er i det heile noko sobert og verdig over heile historia. Og sjølv om historia er original i sin setting, så rører den oss djupt, for når går dei evige tema tru, håp og kjærleik av moten?” skriv juryen i si grunngjeving.
         Norske Barne- og Ungdomsbokforfatteres (NBU) debutantpris Trollkrittet vart innstifta av årsmøtet i 2010, og går til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsbokdebutant. Det er andre gongen prisen nå blir delt ut. Prisen er på 20 000 kroner og eit diplom laga av Stian Hole.
Prisjury er Norske Barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd. 
        Namnet Trollkrittet er henta frå Zinkens Hopps bok ved same namn. Boka kom første gong i 1948 og blir rekna som eit høgdepunkt i norsk nonsenslitteratur.
 
Her er heile grunngjevinga frå juryen:
Trollkrittet er Norske Barne- og Ungdomsbokforfattaranes pris til fjorårets beste skjønnlitterære barne- eller ungdomsdebutant. Det er det NBU sitt litterære råd som innstiller til prisen som berre skal delast ut om det er ein verdig kandidat. I 2011 var det mange gode debutantar, likevel var det ikkje så vanskelig å bli einig om ei bok og som peika seg ut. Vinnaren var faktisk den kandidaten alle saman hadde, så kva var det som gjorde at heile Rådet let seg einstemming begeistra? Det er kanskje det at verkeleg gode bøker og ekte forfattarar kjenner ein igjen med det same. I alle fall let me oss alle bli reven med av både språk og historie.
        Høsten er ei slags dystopisk forteljing frå ei tenkt framtid. Ei framtid der ein epidemi har utrydda nesten heile befolkninga. To jenter, søstrene Nanna og Fride har kome seg unna saman med far sin. Dei tre lever i ein bunkers ute på ei øy. Så ein dag viser faren symptom på at han også har fått sjukdomen og jentene må forlata bunkersen på leit etter medisin for å redda faren. Vi følgjer dei to jentene gjennom eit utdøydd landskap, noko forfattaren gjer utan å ty til groteske detaljar. Det er i det heile noko sobert og verdig over heile historia. Og sjølv om historia er original i sin setting så rører den oss djupt, for når går dei evige tema tru, håp og kjærleik av moten?
      Vi i rådet er ikkje dei einaste som har lete seg begeistra, boka er nominert til Uprisen, har fått strålande kritikkar og den er seld Tyskland og Frankrike.