Dette er ei forteljing om jakta på ei elv og jakta på ein far, om sakn og om glede.
Fantasy-boka er eit frittståande framhald på Langstilkbyen, som kom i 2009. Her er Nils, Lingalina og Aragusta er ute på nye eventyr.

I den første boka oppdaga dei tre ungdommane av underskogfolket at lysmeisterfolket, som menneska i Underskogen har bede til, er utspekulerte og løgnaktige kjeltringar.

Handlinga i Elveforsvinningen er lagt til eit år seinare. Etter at Nils sørga for at lysmeistrane vart jaga bort, var det fred, fridom og overflod i Underskogen. Men likevel er ingen glade, underskogfolket kjedar seg og drikk groeroermost heile dagen. Så blir elva plutseleg borte. I oppstyret etterpå gjer Nils noko dumt, og far hans får det farlege oppdraget med å finne elva. Men faren vender ikkje tilbake. Kva har skjedd?