Temaet i Vivaldi av Helge Torvund og Mari Kanstad Johnsen er mobbing, men dei fyrste sidene i boka handlar berre om hovudpersonen Tyra og ein katt. Kan ho få katten eller ikkje? Og så kjem det, etter at du har lese nokre sider:

”Du veit kor vanskeleg ho har det på skulen”.

Tyra er ei forsiktig lita jente. Forfattaren er som alle veit poet og skildringa av einsemda og sorga hennar og gråten ho har inni seg går berre rett inn hos lesaren. Dette er ei sterk forteljing om mobbing; dei sparkar ho og ho vert halden utanfor fellesskapet. Ingen ser ho, heller ikkje læraren. Når ho stiller eit spørsmål som Tyra som den einaste i klassen veit svaret på, ser ikkje læraren den ivrige handa hennar.

Heldigvis har Tyra ein trygg familie. Men foreldra er bekymra.

”I dag er ho slik igjen”.

Men så skjer det eit vendepunkt. Det er ingen lettvint løysning på problemet, men på slutten får Tyra til slutt hjelp så det er ei von om at den vonde sirkelen Tyra er komen i kanskje kan brytast. Forfattaren er psykolog, og har og jobba som skulepsykolog, så han veit nok kva han skriv om.

Vi lyt og snakke om illustrasjonane. Dei er fantastisk vakre og fargerike.

Som til dømes dette ( orsak for den ikkje heilt perfekte fotograferinga) som syner korleis Tyra har det i klassen med alle dei stygge blikka frå medelevane. Dykk kan sjå fleir bilete her. Boka er påkosta, layouten er delikat, til og med på innsida av smussomslaget er det illustrasjonar. Det er berre å gratulere Magikon att, for enda ei visuelt banebrytande biletbok. Det kjem aldri noko likesælt frå den kanten!

Rosas buss av Fabrizio Silei og Maurizio A. C. Quarello
handlar og om trakassering, men her av ei heil gruppe. Boka tar for seg ei viktig hending i den amerikanske borgarrettsrørsla. Ein bestefar ( afroamerikanar) tek med barnebarnet sitt til Henry Ford-museet der den bussen kor Rosa Parks nekta å reise seg for ein kvit mann i 1955 er stilt ut. Bestefaren var sjølv med på denne bussturen, men var då for redd til å gjere noko. Så dette er og ei forteljing om å tørre å seie i frå mot urett, og – om å angre på ikkje å ha gjort det.

Forteljinga har to adressatar, barnet som aldri har høyrt om denne hendinga og men og den vaksne som kjenner historia frå før.

Her sit bestefaren og barnebarnet i kaféen og et is etter museumsbesøket. (Heller ikkje heilt perfekt gjengjevnad. Dykk får lese boka sjølve!)

Til slutt kan vi jo høyre på litt passande musikk. Fyrst eit opptak av Neville Brothers frå 2004 som syner at Rosa Park framleis ikkje er gløymd. Kanskje vi og kan spele noko av den kjende folk- og protestsongaren Odetta, nemleg Paths of Victory frå 1965.

Teikningane i denne siste boka kan minne litt om Ezra Jack Keats biletbøker frå 60 og 70 -åra. Hans teikningar var og svært fargerike, og han teikna ofte afroamerikanske barn i bymiljø utan at dette var eit tema eller noko problem. Dette var noko heilt nytt den gongen. Multikulturelle barnegrupper i bøkene er jo noko meir vanleg i dag enn det var den gongen. (I Rosas buss er det jo derimot heilt naudsynt at personane er afroamerikanarar på grunn av temaet.)