Leselyst i Lofoten

Noko av det me forfattarar gjer når me ikkje sit og skriv, er å dra ut for å møta dei som me kanskje håpar at les bøkene våre. Eg var så heldig å bli invitert til Bok i Lofoten. Møt Anne Lill, Ingvild og Mina som går på Svolvær barne- og ungdomsskule. Og til alle dei som seier at barn og ungdom ikkje les, de har nok ikkje vore i Lofoten og sjekka.

 

 

Ei knallgod investering

Det var neppe tilfeldig at elevane ropte ja, då eg spurte om dei les bøker. Bok i Lofoten har gjennom 4 år lete elevar i området få fleire forfattarmøte i løpet av dei to hektiske dagane som festivalen pågår. Meldinga er vel rett og slett at vil du at barn og unge skal lesa, ja då må du satsa på det. La elevane få møta forfattarar og utsett dei for bøker og lesing. Som forfattar merkar eg veldig godt når elevar og lærarar er godt førebudde og motiverte. Då er det som kjekkast å vera på besøk.

 

Dei heldige forfattarane som fekk møta elevar Lofoten i år var: Mahmona Kahn, Sverre Knudsen, Sissel Horndal, Ole H. Bremnes, Linda Lillevik, Ingelin Røssland, Pål Gerhard Olsen, Helga Flatland, Tania Kjeldset. Og I tillegg var forteljarane Eirin Edvardsen og Mette Myhr på plass for å fortelja historiar og eventyr for dei yngste barna.

 

TRUR DU DET HJELPER Å LA BARN OG UNGE FÅ MØTA FORFATTARAR, ELLER ER  DET BORTKASTA PENGAR OG TID?