I fjor fekk NBU fem nye medlemmer. NBUs litterære råd behandla i alt 22 medlemssøknader i 2011, men berre fem vart altså innvoterte, 17 fekk avslag. Til samanlikning vart 13 nye medlemmer innvoterte i 2010, det var to tredelar av dei 21 som hadde søkt.

– Og leiar i NBUs litterære råd, Ingelin Røssland, betyr det at rådet har vorte strengare i vurderingane sine?

–  La meg først få understreka at tala frå fjoråret verken er kjekke eller representerer det normale. I eit vanlig år får ca to tredjedelar ja og ein tredjedel nei. Det er sjølvsagt lett å tenka at no er rådet blitt kjempestrengt, og derfor er det heilt på sin plass å stilla spørsmålet. Etter mi meining var vi ikkje særlig strengare i fjor enn åra før, det har snarare vore ein tendens dei siste åra at vi har vore mildare i vurderingane våre.
–  Korleis forklarer du da at så få kom gjennom nålauget i fjor?

– I tillegg til dei som skreiv bøker som ikkje blei vurdert til å vera av tilstrekkelig litterær kvalitet, kom vi bort i ein del andre gråsoner. Det blei søkt på bøker som ikkje blei vurderte som barnebøker, men vaksenbøker, bøker innan dokumentarsjangeren, faglitteratur, eit tilfelle der to forfattarar hadde skrive bøkene dei søkte på saman, men sidan medlemskapen er personlig, er det vanskelig å vurdera slike samarbeid. Til no har rådet løyst dette med at det ikkje blir medlemskap i sånne tilfelle. Det blei også søkt på bøker i seriar, som dersom omgrepet kiosklitteratur hadde blitt brukt om barnelitteratur, ville blitt kalla for det. På eit punkt har me kanskje stramma litt inn, og det er  flotte biletbøker,  der det ikkje er forfattaren, men i første rekkje illustratøren si forteneste at boka er god. Når nokon søker på to biletbøker som dei ikkje har illustrert sjølv, med berre nokre få setningar i, og dei setningane er så pass ordinære at det er vanskelig å vurdera litterær kvalitet, så har me stramma inn. I desse tilfella ønskjer me oss rett og slett meir tekst å vurdera medlemsskapen ut ifrå. Og heilt til sist har me fått fleire bøker frå kjøkenbordforlag, som kanskje har fine tilløp, men der teksten skrik etter hjelp og fleire gjennomarbeidingar.

–   Kva slags type bøker dominerer i søknadsbunken (dersom det finst nokon tendens)?

–  Dette varierer frå år til år. Det har i den seinare tida kome fleire lettlesbøker som nok er lette å lesa, men som verken maktar å fortelja ei god historie eller har eit språk som kan kallast litterært. Det har begynt å koma bøker frå små uetablerte forlag, der det kanskje meir dreiar seg om barnlige bøker for vaksne enn eigentlig barnebøker. Seriar der dei einskilde banda berre bråstoppar med ein cliff hanger på ein tilsynelatande tilfeldig stad i historia, og som skal strekka seg over ein heil haug med bøker, er også ein trend.
Viss ein vil skilja seg ut i dag, er det kanskje lurt å vera ein av dei som ikkje skriv bøker i ein serie. På den andre sida så er det eit sug i marknaden etter seriar, og forlaga vil kanskje i større grad satsa på bøker dei trur vil selja, heller enn å gje ut små kunstverk for born.

Det rådet vurderer både når det gjeld medlemskap og stipend, er at det skal vera ein viss kunstnarisk kvalitet tilstades. Ikkje om bøkene sel godt, om forfattaren skriv imponerande mange bøker i året, eller at forfattaren er ein kjendis som kan vera på tv eller spelar musikk eller er god i fotball. Ein lyt huska på at også det reint kommersielle hentar næring og inspirasjon frå det som er solid og av god kvalitet. Ofte gløymer ein dette, særlig dei som er mest kommersielle, gløymer at dei går på litterære stiar andre har trødd opp for dei. Pengar og salstal er ikkje alt.