Av Magnhild Bruheim

– Nå kan vi begynne å drøfte kva ei boklov skal innehalde. Det sa forfattar og økonom Karine Nyborg på seminaret Trenger Norge en boklov, som vart halde på Litteraturhuset tysdag. Ho meinte det ikkje lenger er spørsmål om det trengst ei boklov, men kva slags reguleringar som skal vera med.
Bokbransjen er einige, boklov er den riktige vegen å gå. Tre rapportar som er lagt fram den siste tida, konkluderer med det same. Først kom to rapportar som Kulturdepartementet hadde bestilt. Nå er også rapporten laga på oppdrag frå Forleggerforeningen klar, Fastpris på bøker: Bransjeomfattende eller frivillig. Den slår mellom anna fast at produksjonen av bøker er av eit slikt slag at visse unntak frå vanlege konkurransereglar er nødvendige.
Seminarpanelet var representert med folk frå bokbransjen og forskarar som hadde laga rapportane. I alt seks personar forsvarte ei boklov. Den einaste som var imot boklov, var den sjuande deltakaren, Kjell Jostein Sunnevåg frå Konkurransetilsynet. Han åtvara sterkt mot bransjeavtaler, og spesielt mot boklov, og forsvarte ikkje uventa fri priskonkurranse. Norske bøker er for dyre i dag, fripris vil gje billigare bøker for forbrukaren, sa han. Han etterlyste andre målretta verkemiddel for å styrke boka.
Eit av spørsmåla som må avklarast ved ei eventuell boklov, er kor streng reguleringa skal vera. Det gjeld mellom anna kor lang fastpristida skal vera. Universitetsprofessor Tore Slaatta, som har vore med på å skrive rapporten Til bokas pris, tok til orda for at dagens bindingstid er for kort.

Les også innlegget frå NBU-leiaren på nettsida: La oss gi ungene en boklov.