Ved utgangen av året vil det vera 6000 elektroniske boktitlar tilgjengeleg på norsk. Det viser ei undersøking Den norske Forleggerforening la fram tysdag. Og innan utgangen av 2013 vil talet stige til 10000 titlar.
Rapporten melder om storsatsing på e-bøker framover. Forventningane er at 75% av dei nye titlane frå forlaga vil koma ut som papirbok og e-bok parallelt frå hausten, med unntak frå visse bøker.
Undersøkinga frå foreininga viser også at rabattane på norske e-bøker har vorte mindre    etter at det vart innført moms på elektroniske titlar. I gjennomsnitt betaler kjøparane av e-bøker på norsk 24 prosent mindre enn det p-bøker (papirbøker) kostar. Før moms vart innført, varierte rabattane mellom 30 og 70 prosent.