Tirsdag 27. mars hadde vi lansering av Skumringserien på Jordal skole i Oslo. Eit knippe elevar, representantar frå Leser søker bok og Norsk forfattersentrum, eit par journalistar og tre forfattarar. Stemninga var god heile vegen, forfattarane las i nesten stummande mørke, berre hjulpne av nokre blafrande stearinlys og ei lita lommelykt. Det blei ei kul stemning rundt det heile.

Jon Ewo las frå Respekt, Widar Aspeli frå Psyko og eg frå Gamer. Trur vi alle fann vårt publikum. Bøkene våre rettar seg inn mot ulike menneske, og i ein vanleg skuleklasse i ungdomsskulen finn du dei alle. Dei som likar spel, dei som likar tung rappemusikk og dei som er forelska i nokon som ikkje er forelska i dei. I desse tre bøkene finn dei alle noko å lese om.

Då gjenstår det å sjå om det blir fleire bøker i serien? Eg trur både forlaget og Leser søker bok har lyst til det. Eg veit at Widar og Jon grublar på idear, og sanneleg så trur eg at eg kom på noko eg og …