Gir røyst til historia

Aina Basso visste tidlig at ho ville skriva, og ho skreiv mykje frå tidlig alder utan heilt å få taket på kva det var ho ville seia. Først då ho begynte å studera historie stod det klart for henne. Ho hadde jo elska å lesa historiske romanar i oppveksten, no hadde ho verktøyet og kunnskapen til å skriva sånne bøker sjølv.

Fantasy er veldig populært for tida, og ein sjanger mange brukar til å fortelja sterke, dramatiske historiar og helst med ein viktig bodskap. Historiske romanar har kanskje ikkje same kommersielle slagkraft, men dei står på ingen måte tilbake for fantasyen når det kjem til dramatikk og viktige tema som også berører notidsmenneske.

På same måte som Aina slukte eg også eit lass historiske romanar i oppveksten, toppa med Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter i tidlige tenår.  Eg visste jo at det ikkje var sant det som stod i bøkene, men eg syntes det var spanande å få eit innblikk i korleis livet kunne ha vore før i tida. Ofte var det sånn at ein nesten kunne sjå si eiga samtid betre i lys av fortida.

BLODIG ALVOR

I sine så langt tre historiske romanar skildrar Aina enkeltmennesket si rolle i ei tid då folk ikkje hadde så mykje det skulle ha sagt i høve til overmakta. Det at ho ikkje fell for freistinga til å laga romantiske sluttar på bøkene sine, gjer at bøkene rører ekstra sterkt. I den første boka Ingen må vite handlar det om blodskam, i  Fange 59. Taterpige om ei ung jente som kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthus og i Inn i elden som kom no i vår, er handlinga lagt til hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Og det var ingenting romantisk med hekseprosessane. 

HAR DU LESE HISTORISKE ROMANAR? OG HAR DU EIN FAVORITT?

 

Det er langt mellom dei historiske romanane som er skrive for ungdom for tida. Men har du lese Basso og er sugen på fleire gode historier, så er Svart gull av Olav Såtvedt  eit hot tips. Her handlar det ikkje om oljeeventyret, men om slavehandel. For var nordmenn heilt uskuldige i dette mørke kapittelet i historia?

 

Det er sjølvsagt meir å velja mellom når ein kjem til historiske romanar skrive for vaksne. Desse romanane kan også lesast av dei som er litt yngre. Det er jo ikkje aldersgrense på bøker. Heldigvis!

I videoen under fortel Aina Basso om Fange 59. Taterpige:

Besøk Ania Basso på bloggen hennar!