Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men alt er litt for mykje for magen til Bronto … kanskje å smake på passe mykje er betre?
Denne bildeboka handlar om tema som ungar har eit nært forhold til: kjensler, smakar, lukter, fargar, mat og bæsj. Og Bronto Biff er ein uttrykksfull fyr som ber historia på dei digre dinosaurskuldrene sine.
Forfattaren Nhu Diep debuterte i 2010 med småbarnsbøker om Lille Ting.
Kommentarfeltet er stengt