Eg likar dei nye media som Facebook, Twitter, Youtube og kanskje på sikt Google+. Har faktisk fått mange forfattaroppdrag som resultat av at eg er aktiv på desse sidene. No sist blei eg kontakta av ein lærar på Tonstad skule i Trondheim som ville ha skrivekurs for ni gutar i tiandeklasse. Læraren hadde lese boka mi GAMER for elevane og der fann dei noko som dei ikkje forventa å finne i ei bok. Noko som snakka direkte til dei, og som gjekk føre seg i eit miljø dei kjente igjen.

Ho fann meg gjennom Twitter og spurte meg eg ville kome til skulen og halde eit inspirerande skrivekurs for dei. Noko eg ikkje har gjort så veldig ofte, men som eg etter besøket har veldig lyst til å gjere mykje meir av. Eit par av elevane på skulen skreiv verkeleg gode tekstar. Alt frå humoristiske og satiriske til gjennomtenkte, politiske og filosofiske. Dei som ville las opp tekstane sjølv, og det varma eit sentimentalt forfattarhjarte frå Vestlandet då ein medelev spontant utbraut: «Veldig bra tekst!» om det ein annan hadde skrive. Dette var elevar som i utgangspunktet var lei av skulen og som mykje heller ville sitje heime og spele dataspel. Eg håper dei finn tida til å skrive litt innimellom.