Eg er kvalm, redd, rastlaus, på grensa til irritabel…

Ja, alle teikn på at deadline nærmar seg er her. Er på andre gjennomskriving av manuset Kirsebærsnø, som skal bli min første roman for vaksne. For meg er det andre versjon som er den mest grundige gjennomskrivinga, mykje er på plass men enno kan mykje skje. Historia kan framleis ta nye vendingar og ofte endar andre versjon opp med ein heilt ny slutt.

DEADLINE for andre versjon er 7. mai. Det betyr at eg tar pause frå blogg og facebook men klarar kanskje ikkje å halda meg heilt unna twitter.

 

DET HJELPER ikkje på nervane at omslaget til romanen er så godt som ferdig, og at redaktøren har sett ein dato for utgjeving. Det er herlig at forlaget trur på meg, men det forpliktar også.

 

Eg vil ikkje skuffa forlaget og redaktøren.

Eg vil gi dei det beste eg har inni meg.

Gjera meg fortent til denne tilliten.

Eg vil sjølvsagt ikkje skuffa lesarane heller, men eg har ingen vaksenlesarar frå før så eg veit ikkje heilt kva eg skal forventa meg der.

 

MEN NO, no er det berre å skriva,  tenka og forsvinna inn i historia.

 

PS: 8. mai er Bak bøkene tilbake med nye og spanande intervju, har mellom anna vore i Bergen og prata med ein prisløna illustratør og eit forlag med ein noko spesiell profil.

PS2: Omslaget er laga av Stian Hole! OG har du innspel på tittel eller har tankar om korleis omslaget ser ut, så kom igjen! Ser dette ut som ei bok du kunne tenka deg å lesa? Berre sånn ut frå omslag og tittel?