Luka er 17 år og har flytta heimefrå for å følgje kunstnardraumen. Men tilveret blir ikkje som ho trudde. Ho må slite med dårleg økonomi, kjipe bufeller og trong hybel. Så møter ho Gard, ein trommis med gnistrande blå auga og eit krøllete brev på innarlomma. Dette brutale møtet blir starten på ei hjarterå og vakker kjærleikshistorie.

Med manuset til denne boka vann Fjestad ein konkurranse i Schibsted forlag for beste barne- og ungdomsbok. Sammen skal vi holde himmelen er første bok i ein trilogi.

Inspirasjonen til boka fekk forfattaren da ho las Inger Hagerups gjendikting av Emily Dickinson-diktet ”Skitne lille hjerte”, fortel ho i eit intervju.