Staten bør ta eit større ansvar for å sikre utgjevinga av populære barne- og ungdomsbøker på dei tre samiske språka som finst i Norge. Det meiner Noregs Mållag, som drøfta situasjonen for samisk språkopplæring på landsmøtet sitt sist helg.
I ei pressemelding skriv NM at sjølv om det er sett i verk mange positive tiltak for å styrke samisk språk, er det grunn til å uroe seg for vilkåra for dei unge, særleg dei som har samisk som andrespråk. Kunnskapsministeren bør ta grep, og eit av tiltaka er å sikre bøker for denne målgruppa.