Dei seinaste vekene har eg skrive berre drit. Transportstrekker i manus. Eg sit og kjedar meg sjølv. Samtidig så piskar eg meg vidare. Det er betre å skriva noko, å i alle fall gjera noko enn å sitja der å glo inn i skjermen.

Og eg har tenkt: Gi meg eit teikn! Gi meg eit gjennombrot!

Men det har hjelpt ca null og nix…. Desperasjon hjelper sjeldan. Men nett det er ikkje noko insikt å skryta av. Andre har tenkt det før meg. Alle andre har også skrive alt før meg. Eg veit at eg skal skriva det same som andre har skrive før, men på min måte. Men kva er min måte? Kva er min måte denne gongen?

Kva vil eg seia? Har eg noko å gi av verdi. Bør eg abortera manus til beste for omverda og meg sjølv?

Og så fann eg dette sitatet på Facebook i dag (staden der ein ikkje skal vera, fordi det er ein distraksjon og hjernen blir sikkert øydelagt av sosiale media, og det at eg har ein blogg gjer meg også til eit neady rævhol), men uansett eg blei litt oppmuntra:

Men eg tvilar like fullt, for kanskje Bukowski sa det for å trøysta seg sjølv?