Nyheter

Skriv for barneradioen

Foto:NRK

 

Foto:NRK

Har du lyst til å skrive for NRK Super? I så fall er barneradioen interessert i tekster frå deg. NRK satsar ikkje lenger på høyrespel av den typen vi hugsar frå Laurdagsbarnetimen, men lagar andre typar dramatiseringar. Det kan vera opplesing av litterære forteljingar med lyd, eller enklare høyrespel, der ein i tillegg til forteljinga har scener. Det fortel Kristian Aune, som er med i redaksjonen for barneradioen.

 – Redaksjonen ønskjer ganske korte tekster som kan fungere som enkeltståande forteljingar, men som gjerne tar utgangspunkt i same univers. I det siste har ”fiktiv reality” vore noko som har fenga oss, seier han.

 NRK Super laga radio for barn mellom 3 og 7 år. Redaksjonen ønskjer seg først og fremst idear som kan utviklast vidare til fullverdige forteljingar. Dei oppfordrar til å tenkje synopsis og situasjonar (set ut og pay off). Når det gjeld tema er dei opne.

– For tida er vi veldig opptatt av at barna skal kjenne seg att i problematikken, og det skal ikkje berre handle om relasjonar og god moral. Scener og handling må stå i fokus. Radio er eit medium der det er enklare å eksperimentere mellom fantasi og røyndom. Om løysinga er ei verkeleg verd der ein av personane er fri fantasi eller om heile universet er magisk-realistisk, er opp til forfattaren å avgjera.

 Når det gjeld oppskrift på korleis ein skal skrive for radio, så har dei nokre gode råd: Ikkje ha med for mange karakterar, da blir det berre rot. Legg meir vekt på handling enn prat fram og tilbake. Tenk heile tida på lyd når du skriv, på korleis det kan lydleggjast. Og tenk gode scener.

 – Kva kjenneteiknar den ultimate teksten for barneradioen?

 – Hadde vi visst det, så hadde vi skrive den for lenge sidan. Det einaste vi veit, er at forteljingar som varer tjue minutt er uaktuelt.

 For den som lurer på kva barneprogram som finst på NRK radio i dag, så ligg programmet på http://nrksuper.no/super/radio/ . Her kan du lesa nettsaker og høre på podkastar. Du vil høyre at det varierer stort mellom kva slags historier dei sender. Programmet går frå 18.30-19.00 på kvardagar og mellom 19.00 og 20.00 på laurdagar.

– Vi er usikre på kor mange tekster vi ønskjer, det tar vi vidare etter ein eventuell pitch, seier Kristian Aune. – Men at ein pitch opnar for eit spennande univers vi kan bevege oss i over lang tid, er betre enn at ideen er ei lukka forteljing på éin episode.

 

4 Kommentarer

  1. Hvor kan man henvende seg for å delta i pitchingen?

  2. Tyra T. Tronstad

    Interessant! Men hva betyr egentlig «set ut og pay off»?

  3. Men hva med barn fra syv år og oppover? Har ikke NRK noe for dem lenger?

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo