Den gamle tittelen var så poetisk og fin; «Kirsebærsnø»… Vondt å sleppa den, men den nye tittelen føler eg likevel er meir rett. «Eg elska deg mest».

Ein skal vera trygg og sterk for å vera den som elskar mest i eit forhold, sidan det ofte (i alle fall i umodne forhold) er den som elskar minst som sit med makta.

Og så trengte eg seks kapittel før eg kom til det som var starten på romanen i utgangspunktet. Denne innsikten kom etter hjelp frå Salongen.

Salongen?

Det er rett og slett fire forfattarar som møtest jamnleg og snakkar om tekst og dei prosjekta me jobbar med for tida. Ein får gode innspel frå kollegaer. Av og til treng teksten førstehjelp, då er Salongen god å ha. Det passar ikkje for alle å opna skriveprosessen for andre, men for meg er det gull verd.

Oppmuntring, innspel og ikkje minst MOTSTAND frå andre er viktig, og det er ikkje eit nederlag å spørja om hjelp.

Og ein annan ting: Det å gi andre oppmuntring og innspel på tekst, kan også vera med på å løysa knutar i eige hovud. Ein skal ikkje vera redd for å gi av seg sjølv så mykje som overhode mulig.

Eg har med andre ord ikkje berre fått eit teikn men fleire.

SÅ TUSEN TAKK FOR ALLE INNSPEL OG MUNTRE TILROP HER PÅ BLOGGEN OG PÅ FACEBOOK. For ikkje å snakka om min fantastike redaktør Kjersti Instefjord på Samlaget. De har alle forgylla min skriveprosess.

(Foto: Joar EM Klette)