Nyheter

Kritikk av Pegasusprogrammet

Norsk litteraturfestival

Norsk litteraturfestival

Norsk litteraturfestival på Lillehammer får kritikk fordi nynorsken er kraftig underrepresentert i barneprogrammet. Guri Fjeldberg og Petra Helgesen i Barnebokkritikk.no har gått gjennom programpostane og kome fram til at berre 2,7 prosent er basert på nynorsk litteratur. Dei meiner festivalen, som er Nordens største litteraturfestival, har eit ansvar for å setja søkjelyset på nynorsk barnelitteratur. Spesielt sidan festivalen har fått 500.000 i auka statsstøtte nettopp med tanke på fokus på nynorsk.

Pegasus-ansvarleg Randi Høiholt-Vågsnes seier til avisa GD at ho ikkje er ueinig i kritikken, men ho peiker samtidig på at det er fleire nynorskpostar på barneprogrammet enn tala til Fjeldberg viser. 

Vi kan jo elles leggje til at to av nynorskpostane kjem under programmet Barnebokbar, som NBU har ansvaret for. 

Les meir om saka i GD

 

1 Kommentar

  1. Helga Gunerius Eriksen

    Har dei då enno ikkje forstått at ungane forstår nynorsk like godt som bokmål og får betre språkøyre av å høyre alle dei skandinaviske språka dei forstår?
    Nynorsklitteraturen for barn er mindre i kvantitet, men ikkje i kvalitet – kom igjen Pegasus! Friskt mot i neste års program – bestseljarane er ikkje alltid bestskrivarane.

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo