Foto: www.alfons.se/Gunilla Bergström

I førti år har Albert Åberg budd i ei blokkleilegheit saman med pappaen sin, som røykjer pipe og sjeldan blandar seg inn i Albert sine saker. Er han eit førebilete for pappaer i dag?

– Pappa Åberg er heilt ulik det idealet foreldre i dag strebar etter. Han sender ikkje sonen rundt på eit utal aktivitetar, og han les heilt sikkert ikkje bøker om barnepedagogikk, trur psykolog og psykoterapeut Per Naroskin.

Er ingen curlingpappa

– Han er ikkje så frykteleg «på» som foreldre er i dag, han skal ikkje absolutt blande seg inn i det Albert driv med og kontrollere oppveksten hans. Han slappar av, og let gutungen halde på og prøve og feile for seg sjølv, seier Naroskin.

– Slik sett liknar pappa Åberg ikkje på det vi kallar curlingforeldre i dag, altså slike som med liv og lyst kostar vegen rein og tornefri for ungane sine, meiner han.

Onsdag 23. mai kan du høyre Gunilla Bergström og Per Naroskin i samtale i Kulturhuset på NRK P2, som vier ein heil time til klassikaren Albert Åberg.

Les avis og røykjer pipe

Lesaren får vite lite om pappa Åberg. Han har nokre hårstrå som stikk ut på kvar side av hovudet, han går ofte kledd i ein tjukk, brun genser med kvit skjortekrage inni, og nedst ved dei brune buksebeina har han som regel på seg mørk grøne tøflar.

Pappa Åberg liker å lese avisa, røykje pipe og sjå på tv. Han har ei mor som kjem på besøk i blant, men mor til Albert høyrer vi aldri om. Kva pappa Åberg arbeider med, kva venner og interesser han har er ukjend.

Naroskin synest det er fint at det er slik.

– Dersom vi hadde visst at han var lege, rørleggjar, paparazzifotograf eller, gud forby, psykolog, ville vi ha lese bøkene heilt annleis, som ein slags instruksjonsbøker, meiner Naroskin.

Foto: Scanpix/Gunilla Bergström

Pass deg for saga!

Pappa Åberg instruerer sjeldan sonen i noko som helst. Når Albert skal byggje seg ein flygemaskin i tre midt i stova, sit pappa i godstolen og følgjer tilsynelatande med berre med eit halvt auge når Albert hamrar og slår saman spikar og plankebitar.

Bakafrå avisa kjem nokre ringar med røyk og eit mumlande:

– Pass deg for saga…!

Men Albert sin «mamma», forfattar Gunilla Bergström, meiner det er naivt å tru at pappaen dimed melder seg ut av sonen si utvikling og oppseding.

– Han har tillit nok til seg sjølv som forelder til å setje seg til rette med pipa og avisa, men han er alltid klar til å gripe inn dersom det trengst, seier ho.

Kalte pappa opp etter onkel

Pappa Åberg var lenge namnlaus, men for ti år sidan døypte Bergström han Bertil. Det var namnet til ein onkel ho likte så godt då ho var liten.

– Han var slik ein lun, roleg og morosam person, så eg tykte namnet høvde godt til Albert sin pappa, seier Bergström.

Har aldri hatt stylist

Naroskin meiner Bertil Åberg er eit førebilete for andre fedrar, inkludert han sjølv.

– Han er heilt avslappa og prøver ikkje å vere noko han ikkje er. Det ser ein tydeleg på kleda, ingen stylist har nok nokosinne vore borti han, ler psykologen.

Skal ikkje vere førebilete

Om pappaen er eit førebilete for sonen, må vere heilt opp til Albert, synest Bergström.

– Eg trur det går veldig gale når foreldre prøver hardt å vere gode førebilete for ungane sine. Det er barnet sjølv som må tenkje ’å, for ein fin person, slik vil eg også bli!’, meiner Bergström.

Vi vil gjerne høyre di meining: Kva farsfigur frå litteraturen hugsar du best?