Månen som ville lyse som ei sol

Kvifor er ikkje eg meir som Sola?” undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når han kjem fram … Sola påstår til og med at han ikkje lyser, og at ingen ville merke om han forsvann! 

Månen er lei av skrytet til sola og vil bevise at han også kan lyse. Han bestemmer seg for å dekke for sola, slik at han kan stråle åleine, i all sin glans. Men kva skejr da?

 I denne boka er sola og månen eit umake par som må finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får ein høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.

Elin Grimstad er debutant. Illustrasjonane hennar er baserte på teknikkar frå animasjonsfilm.  Kvart bilde er ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne.