Vann UPrisen for andre gong!

Ungdommen har talt: Terje Torkildsen er den mest fengande ungdomsbokforfattaren i Noreg. Han leverer det ungdommen vil ha. Terje har gått av med sigeren for andre gong i UPrisen si relativt korte historie. Men kva er det som gjer at Terje treff ungdommen på heimebane gong på gong?

Terje Torkildsen vann årets UPris med boka Dystopia III.

Dette sa ungdomsjuryen om boka:

”Forfatteren har skrevet en drivende og spennende bok. Det var lett å leve seg inn i historien, og leseren blir hele tiden overrasket. Samtidig er boka både morsom og rørende. Det humoristiske veksler med det mer alvorlige.”

UPrisen blir delt ut i regi av foreningen !les, og viss du klikkar på logoen kan du lesa heile juryen si grunngjeving.

 

Ungdom elskar nynorsk!
For kva kan vel elles vera grunnen til at 4 av 6 bøker som har vunne UPrisen er på NYNORSK?! Alle dei fire nynorske vinnarbøken har kome ut på Det Norske Samlaget.

Liste over Uprisvinnarane:
2012: Terje Torkildsen: Marki Marko

2111: Axel Hellstenius og Morten Skårdal: Fittekvote

2010: Lars Mæhle: Landet under isen

2009: Terje Torkildsen: Marki Marko

2008: Endre Lund Eriksen: Pittbull-Terje blir ond

2007: Ingelin Røssland: Handgranateple.

 

Verd å sjekka ut:

Axel Hellstenius og Morten Skårdal var gjester på bloggen etter at dei vann UPrisen i fjor.

Lars Mæhle har også vore gjest i Bak Bøkene.