Familien Kråkestup av debutanten Kari Smeland handlar – som den førre boka eg blogga om – og om ein litt rotete familie. Boka er kanskje ikkje gapskrattande morosam men ei småkoseleg, småartig og lettare absurd bok om ein familie med tre tvillingpar, foreldre deira og den gamle og piperøykande onkelen Sigurd, ein artig kar. Far i huset har nokre fuglar som held til i greinar under stovetaket (!) , og som han trenar opp for å delta i Skikkeleg-Spektakulære-Og-Nokre-Heilt-vanlege-Dyr-Og-Fuglar-stemne. Av dette skjønar dykk vel at handlinga er lagt litt på sida av det heilt realistiske.

Dei viktigaste personane i boka er Stjerne og Lykke, dei går i 3 klasse så då lyt dei vel vere rundt 8 år. Eg er faktisk ikkje så sikker på kva kjønn dei har men det er ikkje så viktig for handlinga.

Andre personar vi møter er til dømes læraren deira, Karl Olsen, som ikkje likar ungar og elles ikkje er nokon munter kar. I nabohuset som har stått tomt i fleire år hender det merkelege og skumle ting, og Stjerne og Lykke er på saken. Alt oppklares til slutt på ganske snedig vis.

Dersom denne boka skulle ha nokon moral kan det vere at det viktigaste i ein familie er ikkje at alt er så perfekt heile tida, men at varme, kjærleik, liv og lått er like naudsynt!