Valdristorier

Bøker kan inspirere barn og unge til å laga sine eigne historier. Mange forfattarar reiser rundt på skolar og har skrivekurs, av og til resulterer det i at ein del tekster blir samla og kjem på trykk. Det er antologien «Valdristorier» eit godt døme på.

Hausten 2011 fekk mange hundre ungdomsskoleelevar i Valdres utdelt boka «Marki Marco» av Terje Torkildsen, boka han fekk sin første UPris for. Elevane skulle lesa, men også skrive. Arbeidsgrupper på fire og fem tok utgangspunkt i scener og situasjonar frå boka og laga sine eigne historier. Dei beste elevforteljingane er samla i antologien «Valdristorier», som vart lansert under litteraturfestivalen på Lillehammer.

Eir Linnea Glimsdal les. Foto: Herman K. Maraas

Ta elevar på alvor

Det er Kulturmenyen, Oppland fylkeskommune som står bak prosjektet, som er gjennomført i samarbeid med Norsk litteraturfestival, Pegasus. Formålet med konkurransen var å la ungdommane arbeide mot noko konkret, fortel litteraturansvarleg i skolesekken,Vilde Kamfjord.

– Det er mye meir morsomt for elevane å skrive dersom det skal bli til noko «ordentleg». Det er så mange prosjekt på skolane som blir sette i gang, men som aldri blir fullført, og det er leit. I tillegg er det fint at elevane blir aktivisert sjølve når skolesekken kjem på besøk, seier ho.

– Dette handlar om medverknad, praktisk erfaring, målsetting, fullføring, begeistring og å bli tatt på alvor. Mitt ønske er at elevane skal få snuse på det med å skrive fordi dei har lyst, ikkje berre fordi dei må.

Vil ha fleire bøker

 Alle tekstene som kom inn frå elevane etter skrivekurset, vart vurderte av ein redaksjon, seier Vilde Kamfjord.

– Den einaste føringa for utvalet var at alle skolane skulle vera representerte. Det var relativt lett å gjera den første utsilinga, og redaksjonen var forbausande enige. Vi fekk stadfesta at det å skrive i grupper ikkje får fram dei beste tekstene hos ungdommane. 

– Kva skal antologien brukast til?

– Ikkje til så mykje. Nå finst den, med alle tekstene inni, og den ser ut som ei bok. Vi får tru den blir ståande i bokhylla til dei som har skrive, i biblioteka på skolane som har deltatt, og så håper vi den blir lese av fleire og kanskje av mange.

– Korleis vil du oppsummere prosjektet?

– I utgangspunktet var dette eit skrivekurs, og det var verken budsjettert med eller planlagt at det skulle bli så omfattande. Sett på bakgrunn av det meiner eg at det gjekk over all forventning, og at det var vellykka. Dette er noko eg vil gjera fleire gonger, neste års prosjekt er allereie godt planlagt, seier Vilde Kamfjord. 

Omslag Valdristorier