Og eg som trudde at det berre var småplukk igjen etter å ha skrive meg gjennom manus for femte gong. Ein tur til Oslo og møte med Kjersti og Brit, fekk meg til å justera det synet på manus. Eg har ein knallhard oppoverbakke til før eg er i mål.

Det eg likar aller best med Kjersti, som er redaktøren min, og Brit, som er konsulent på manus, er at dei er utrulig strenge og krevjande. Eg slepp ikkje unna med noko som helst.

Så sjølv om det er litt vondt å sitja med arbeid til langt opp over øyrene ein gong til, så kjenner eg meg samtidig trygg. Eg veit at desse to damene vil piska meg til siste bloddråpe for å få det beste dei klarar ut av meg. Det vil ikkje vera deiras feil om eg feilar.

No sit eg her med to utskrifter av manus. Eit som Brit har gått gjennom, og eit som Kjersti har gått gjennom.  Her er fullt av ting å ta tak i for meg. Og i tillegg så har eg notatar etter eit møte på nesten tre timar der me diskuterte manus.

Ja, så då er det berre til å skriva og ikkje minst stryka.

PS: Me har gått tilbake til tittelen Kirsebærsnø.