Ungdomsbøker.no skal nå rive seg laus frå forlaga for å drive sjølvstendig. Nettstaden vart starta for snart eit år sidan som eit samarbeidsprosjekt mellom åtte forlag. Men nå skal den drivast som eit sjølvstendig prosjekt av Nina Aalstad og Siri Morland.
På denne nettstaden kan unge logge seg inn med eigen profil. Dei kan også laga si eiga bokhylle med oversikt over kva for bøker dei har lese og kva for bøker dei ønskjer å lesa.
I august skal ungdomsbøker.no relanserast med nytt design, meir innhald og meir aktivitet.