etter at vi blei sprengt i filler
etter at fredagen fall ut av hendene
på oss
etter at vi måtte lære oss norsk på
ny
etter at sorga strekte seg heilt opp til
håret
etter at dagane tok til å regne ned
over oss

 

orda overlever ein 9mm glock
kjærleiken er kraftigare enn ei 500
kilos bombe
å halde hender er mektigare enn
ladegrepet
eit lite kyss er viktgare enn 1500
sider med hat
eit vi er så mykje meir enn eit eg

 

det kjem eit nytt 22. juli, det må jo
det
ferja skal frakte fleire bankande
hjarte over
telta skal bli slått opp på grønt gras
morgonsola skal kysse øya vaken
hei, hei, på tide å stå opp og endre
verda

 

– Frode Grytten –
(Dikt skrevet i ukene etter terroren 22. juli, trykket i Klassekampen 21.7.12)