Fuck Off I Love You

Vemund er ein vanleg 16-åring. Likevel viklar han seg inn i eit usunt miljø rundt eit treningssenter.  Leiaren i gruppa, Two-Face, er ein fascinerande, men skremmande skikkelse. Han avgjer alle viktige vegval med myntkast: På den eine sida av mynten står det «I Love You». Da blir valet godt. På den andre sida står det «Fuck Off». Da blir handlinga vond …

Fuck Off I Love You er ei spennande forteljing som tar opp viktige spørsmål: Kor mykje kan vi styre livet vårt? Kva gjer vi ut frå fri vilje? Og kva blir bestemt ut frå faktorar vi ikkje kan rå over?

Men boka er også ei forteljing om kjærleik, om familie og vener – og om å prøve å finne fast grunn under føtene.

På forfattarsida si skriv Lars Mæhle dette om boka: Denne ungdomsromanen skreiv eg etter 22/7. Det er ikkje ei historie om 22/7, men om relaterte emne, tema som eg kjente det var viktig for meg å bore i: rasisme og om vi verkeleg har fridom til å velje.