Mauren går att i mange barnebøker, ofte som døme på eit kryp som menneske kan lære noko av. Mauren er jo både vis, modig og flittig. I alle fall i barnetekster. Førsteamanuensis Nina Goga ved Høgskolen i Bergen forskar på korleis samfunnet vårt blir forstått gjennom maursamfunnet i barnelitterære tekster. Resultatet av forskinga skal ho presentere på Nordisk forskningskonferanse om barnelitteratur i Oslo 23.–25. august.

Goga har samla på maurtekster for barn i 7-8 år. Ho har delt maurane slik dei blir framstilte i barnelitteraturen inn i tre hovudkategoriea; fabelmauren, forskermauren og samfunnsmauren.

Les meir om forskingsprosjektet: