Sunniva Relling Berg frå Ålesund får 300.000 kroner frå Stiftelsen Kjell Holm. Prisvinnaren vart annonsert under Kjell Holms dag som vart halde på Sunnmøre Museum måndag. Forfattaren seier til Sunnmørsposten at ho er svært takknemleeg overfor stiftinga, som har gjeve henne sjansen til å «kjøpe» skrivetid.
Reling Berg er student og bur i Bergen. Ho debuterte i fjor med ungdomsromanen «Utfor». For debuten vart ho nominert til Brageprisen.