Engelen i Djevelgapet

Boka handlar om Astrid Baros, og den handlar om skilsmisse. For foreldra til Astrid har skilt seg. Men det kan ho ikkje heilt godta. Så ho legg ein djevelsk plan for å gjenforeine mamma og pappa. Alt Astrid treng er ei kjettingtong, ei aude øy og litt flaks. Problemet er berre at ho ikkje har det siste. Snart er heile familien i så stor knipe at berre ein engel kan redde dei!

For dei fleste ungar er det vondt når mor og far skil seg, seier Henriksen i intervju med Aftenposten. Men han legg til at Astrid Baros er ikkje er noko offer, ho er ei tøff jente som forfattaren sjølv synest det har vore forfriskande og morosamt å bli kjent.

Henriksen understrekar at han ville skrive ei spennande bok på barns premissar: ei bok om ungars humor, fantasi og vitebegjær.

«Engelen i Djevelgapet» er Henriksens debut som barnebokforfattar.