«Med et inderlig ønske om at denne prisen kan bidra til en ny og enda dypere forståelse av dette fantastiske forfatterskapet, er det en stor glede å kunne fortelle at årets Aschehougpris går til Ragnar Hovland.»
Slik heiter det i talen frå juryen for Aschehougprisen.
Ragnar Hovland debuterte med romanen «Alltid fleire dagar» i 1978. Ved sida av romanar, noveller, dikt, drama, kortprosa og essays for vaksne har har skrive ei rekkje barne- og ungdomsbøker.
Blant dei er bøkene «Fredlaus» og «Det får stå til» som han fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for og «Ein motorsykkel i natta», som han fekk Brageprisen for. Hovland har fått Noregs Mållags barnebokpris for tre bøker, «Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen», «Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr» og «Den flygande sykkelen».