Blodslitet bak andre boka i Song for Eirabu

Andre bok i Song for Eirabu kom ut like før sommaren. Vargtid, heiter denne siste boka i forteljinga om dei tre søstrene Ragna, Berghitte og Runa. Sjølv om dette var ei bok som lesaren Kristine Tofte ønska seg, så viste det seg å ein tøff jobb for forfattaren Kristne Tofte. Og undervegs spurte ho seg også om det i det heile var interesse for fantasy?

Kanskje lesarar av fantasy skil seg frå andre lesarar i det at dei er eit hakk meir engasjerte og pasjonerte? I alle fall så fekk Kristine Tofte eit rungande svar då ho i eit innlegg på bloggen sin spurte om det i det heile var interesse for at det skulle skrivast ny norsk fantasy. Det blei twitra og facebooka og blogga og snart låg boka hennar på topp på bestseljarlista hos Haugen Bok og det alt før boka var ferdigskriven.

Den nye store bølgja?

I underskogen til stadig veksande jungelen av krimdronningar og krimkongar, så ser me kanskje no ein ny trend veksa fram? Kanskje tida for eventyret og fantasien er her (ja, eg veit at dette er ein sjanger som blir flittig lese av dei få, men eg tenker på ei ny bølgje)?

I Norsk barne- og ungdomslitteratur har det dei siste åra vore ein kraftig tilvekst av forfattarar i denne eigentlig ganske vide sjangeren. Eg nemner Mari Moen Holsve, Iselin B. Alvestad og Asbjørn Rydland, men det finns mange fleire.

På mange måtar er ikkje Song for Eirabu berre ein serie for vaksne, den er like fin for lesesterke barn frå tiårsalderen. Ein må ikkje gløyma at dei lesesterke barna framleis finns der ute. Og for desse barna er Song for Eirabu eit funn.

 

Farlig lesing

Eg skal med det same innrømma at eg berre har lese første bok i serien. Grunnen til det var at eg blei så oppslukt at eg ikkje kunne gjera noko anna enn å lesa i denne boka i fleire dagar i strekk. Bøker kan vera farlig engasjerande.

 

Det er nok fleire som har det som meg. Her kan du klikka deg inn på ulike bloggar og aviser og lesa omtalar av boka:

BOKSTAVELIG TALT:

”Det skjer ikke så ofte lenger, men jeg elsker når det skjer. Å møte ei bok som suger meg inn og ikke vil hverken slippe eller slippes.”

Cathrine Krøger, Dagbladet:

”For dem som våger å ta fatt, er det altså bare å følge den fantasirike forfatterens oppfordring i den vakre epilogen: «Høyr meg, denne verdas ættar».”

FREM FRA SKYGGENE:

”Og herreminfred som du har levert. Vargtid hadde meg fanget etter under 30 sider og jeg har flere ganger vurdert om jeg enten kan kjøre t-banen rundt og rundt eller snike meg til å lese mer på jobb enn i lunsjen (ta det med ro, sjefen, jeg har ikke gjort det).”

UTSIKT FRÅ LIA:

”Eg gledde meg vilt med god grunn. Vargtid er endå betre enn Slaget på Vigrid. Kristine Tofte har tatt vare på den gode forteljinga frå førsteboka og gjort den endå betre.”