Kinofilmen «De tøffeste gutta» blir nå spelt inn på Lillehammer. Filmen er basert på boka med same tittel av Arne Svingen. Boka kom ut i 2003 og har seinare kome i fleire opplag.   “De tøffeste gutta” er ei humoristisk og sår historie om Modulf som lar seg mobbe for å spara dei andre elevane på skolen. 
 
 2,5 millionar frå filminstituttet

Det er selskapet Filmbin AS som står bak produksjonen, og regissør er Christian Lo, som også hadde regien på barnefilmen “Bestevenner”. Selskapet og regissøren fekk 30 august 2,5 millionar kroner i produksjonsstøtte frå Norsk Filminstitutt.

Filmen blir ein actionfylt komedie for barn og unge, sett i nåtid. «De Tøffeste Gutta er ei historie som gikk rett i hjertet mitt», seier regissør Christian Lo. 
«I historia om Modulf blir det fortalt ei heilt annleis og sterk mobbehistorie gjennom bruk av humor. Eg vart både sterkt gripen og underhalden av boka av Arne Svingen som filmmanuset er basert på. Først og fremst skal De Tøffeste Gutta bli ein ekstremt underhaldande film; spennande, morosam og rørande, og den skal gje barn ei filmoppleving dei ikkje gløymer.»

Regissør Christian Lo

I de vaksne rollene finn vi blant anna Anders Baasmo Christiansen, Cecilie Mosli, Hallvard Holmen og Ingjerd Egeberg. Hovudrolla som Modulf blir spelt av nykommaren Sondre B. Henriksen frå Lillehammer. 

Spelefilmen skal ha premiere våren 2013.