Landets største leselystaksjon 2012 er nå lansert. Tekstantologien tXt15 er sendt ut til over 130 000 ungdomsskolelevar. 70 % av alle norske ungdomsskolelevar deltar, og det er rekord, fortel prosjektleiar Bjarte Bakken.

– Opplaget har faktisk auka med 20 000, seier Bakken, som meiner suksessen har fleire årsaker.

– Ein konkret ting er at det tekniske har vorte betre. Vi har tidlegare år hatt problem med påmeldingsskjema, det har nok gjort at ein del lærarar har gjeve opp. Men eit skjema har ikkje all æra. Vi meiner aksjonen har vorte meir proff på alle måtar. Informasjonen ut til skolane er betre, pocketboka har vorte betre for kvart år. Så trur vi også at vi er betre til å setja saman ein god antologi, med eit variert utval av gode fengande tekster.

 tXt15

tXt 15 har utdrag frå 15 nye bøker for ungdom. Her er noko for einkvar smak, drama, kjærleik, fantasy, humor, hestar, danseband, krig, englar, sjørøvarar, sjalusi, gummibåtar, War of Faluza og ein smultringspisekonkurranse. Sju av dei 15 forfattarane som er representert, er norske. Siv Wyller: Hockeysveis fører til dårlige rim, Tor Arve Røssland: Gamer, Sunniva Relling Berg: Utfor, Bente Bratlund: Bebe, Jan Henrik Nielsen: Høsten, Harald Rosenløw Eeg: Gyldig fravær og Lars Mæhle: Fuck off I love you.

–  I år heiter aksjonen ”tXt 15”, fordi aksjonen ( og foreningen !les) er 15 år i år. Dessutan er det 15 tekster med i utvalet. Dette er tekster vi meiner vil engasjere ungdom i ungdomsskolealder, seier Bjarte Bakken. – Det skal vera noko for einkvar smak. Nokon tekster med motstand, nokon lette, fantasy, teikneseriar, romantikk, spenning etc. Men alle tekstene skal vera av nyare dato. Bare unntaksvis er det bøker eldre enn et år.

Fantasy står framleis sterkt

–       Ser du nokon tendensar i ungdomslitteraturen basert på årets bøker?

Vi ser at det framleis kjem ut mykje fantasy, og vi er glade for at vi i år kan ha med tre verkeleg gode tekster i den sjangeren. Vi ser også at sjangeren veks. Magien og kampen mellom det gode og det onde finst i mange formar. Elles var det umogleg å ikkje ha med ein dystopi, eller ”etter katastrofen”-bok. Fire av fem bøker som vart nominert til UPrisen – årets ungdomsbok 2012 – kan karakteriserast med stikkorda framtid og katastrofe. ”Høsten” var ei av desse. Mangschou har lansert ei rekke lettlestbøker for ungdom. To av dei er med, ”Gamer” og ”Bebe”. Dei er verkeleg gode, ikkje berre lettleste. Det er kanskje ikkje ein trend, men veldig etterlengta.

–       Kva skjer i aksjonen framover?

– Nå er bøkene og undervisningsmateriellet ute i skolen og lever sitt eige liv der. Vi har konkurransar og legg ut nyheiter på txt.no. Men txt-aksjonen er ein tekst-aksjon. Det er tekstene som er aksjonen. Og det er tekstene som gjev leselyst, ikkje konkurransar og annan jodling rundt aksjonen, seier prosjektleiaren.